Meny
Framside
Klasse 8
Klasse 9
Klasse 10
Tyssereinane 16 5650 Tysse Vis på kart
Telefon: 56589960 Send e-post til oss
Redaktør: Hege T. Jonathanson
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<januar 2022><<
januar 2022
mtotfls
27282930310102
03040506070809
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31010203040506
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Nyttige lenker
Skuleruta 2020-21
Smitteverntiltak ved Samnanger ungdomsskule

Det har ikkje kome melding om fleire smitta ved ungdomsskulen i løpet av helga. Alle på 8.trinn skal ha testa seg med hurtigtest fredag 12.11 og om morgonen før skuletid måndag 15.11. Dersom negativt resultat på testane, møter ein på skulen. Dersom ein har symptomer på luftvegsinfeksjon held ein seg heime og testar seg.  

Smittevernslegen i Samnanger orienterer leiinga ved skulen fortløpande. Han understreker at anbefalinger og tiltak som er sett inn så langt er i tråd med FHI sine anbefalingar og også etter konkret rådgjeving frå FHI i dette utbrotet, samt i samarbeid med omkringliggjande kommunar og Statsforvalteren. Målet for utbrotshåndteringa på dette stadium i pandemien, er å setja inn målretta tiltak på ein slik måte at me i størst mogeleg grad:
a) Beskytter dei mest sårbare: Personar over 65 år og risikopasientar
b) Forhindrar overbelastning av kommune- og spesialisthelsetenesta.

Etter dialog med smittevernslegen held me fram med følgjande tiltak frå måndag 15.11 inntil endingar i smittesituasjonen krev endringar av tiltak.
-Halde seg heime når ein er sjuk, og testa seg. Dei som er heime følgjer arbeidsplan frå skulen inntil vidare.
-Ekstra fokus på god håndhygiene
-Redusere kontakt mellom klassetrinna (kohortane)
    Felleslunsj i klasserom klassevis.
    Redusere kontakt mellom trinna i storfriminutt ved å vera ulike stader:
    Unngå kontakt med andre klassetrinn i dei korte friminutta
    I valfag unngår me tett kontakt når det er fleire kohortar ilag

-Tilsette kan bruke munnbind dersom dei ønskjer det og elles prøve å halde ein meter avstand.
-Skuleskyss: Me oppfordrar elevane til å sitja med elevar frå eige trinn og bruke munnbind dersom det er vanskeleg å halde avstand til andre.

Det er viktig å halda seg oppdatert på Samnanger kommune si heimeside der det fortløpande vert orientert om smittesituasjonen og tiltak. Her er dei allmenne råda som står på heimesida 12.11:
Hald deg heime og test deg om du er sjuk med nyoppståtte luftvegssymptom
Hald avstand til andre der det er mogleg i det offentlege rom, helst ein meter
Vurder bruk av munnbind om det ikkje er mogleg å halda minst ein meters avstand innandørs i det offentlege rom
Vurder bruk av heimekontor når det er mogleg
Reduser antal nærkontaktar
Husstandsmedlemmar til smitta bør halde seg heime nokre dagar for å sjå om dei utviklar symptom.

Situasjonen vert vurdert kontinuerlig, og strategien kan dermed bli endra undervegs. Då vil skulen sende ut ny informasjon straks på transponder.

Mvh  Kurt Helge Pedersen, rektor ved Samnanger ungdomsskule