Meny
Velg seksjon Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
Klasse 8
9. trinn
10. trinn
Rygjatunvegen 2 4230 SAND Vis på kart
Telefon: 52 79 08 00/ 52 79 08 01 Send e-post til oss
Redaktør: Jorunn Hoås
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Læring i næring

Torsdag 6.september er det oppstart av læring i næring 2018-19.

Læring i Næring er eit tiltak som skal vera med på å gi ungdom kjennskap til lokalt næringsliv og ulike yrkesretningar. Dette er eit tilbod til alle  som går i 9.klasse om dei sjølv er motiverte og interesserte i å delta. Ungdommane vil få mogligheit til å bli kjend med bedrifter i Suldal og prøva seg i arbeidslivet. 


Tanken er  at erfaringane dei får i læring i næring vil vera ein hjelp til vidare val av utdanning og yrke. Praksis vert lagt til fritid, feriar og eventuelt etter skuletid.

Torsdag 6. september kjem Konrad Jårvik frå Suldal vekst og informerer elevane om kva læring i næring er og bedriftene som tilbyr arbeidsplassar kjem og presenterer seg. Elevane kan etter presentasjonen gå rundt å stilla spørsmål til dei ulike arbeidsplassane og setja seg opp på liste dersom dei er interesserte i arbeid. Veka etter vil elevane få hjelp til å skriva eventuelt arbeidssøknad på skulen.

 Dei vil deretter bli kalla inn til besøk på moglege arbeidsplassar og til intervju. Dette skjer på ettermiddagane og dei må organisera skyss sjølv.Før haustferien vil elevane vita om og kor dei har fått arbeid. Dette er eit tilbod til elevane. Alle elevane skal vera med på informasjonsbiten på skulen og opplæringa i å skriva søknad, men dei må ikkje senda søknaden dersom dei ikkje ønskjer det. Det er opp til elevane sjølv om dei har lyst og er motivert til å gå ut i arbeidslivet.