Skogbruk valfag på Vasshus
10-klassingane som har skogbruk valfag var denne veka så heldige å få besøke Lars Vasshus for å sjå korleis han foredlar tømmeret på sagbruket sitt.
Publisert: 29.03.2019 08:29 Sist endra: aldri Forfattar: Sveinung Nessa
Lars viste saga i aksjon og forklarte korleis han tenker når han skal utnytte ein stokk best mogleg. Det vart ein heil del rekning i løpet av besøket. Mange fekk nok ei aha-oppleving av kor mykje meir trevirket er verd etter ein runde i saga. Det vart bål, lappesteiking, men også ein konkurranse i sverdsnuing der dei tre eldre deltakarane måtte sjå seg slått av den yngre garde. Me takkar for eit kjekt besøk!