Meny
Vel klasse Framside
Klasse 1
Klasse 2
Klasse 3
Klasse 4
Klasse 5
Klasse 6
Klasse 7
Selbjørn Skule 5397 BEKKJARVIK
Telefon: 55081343 Send e-post til oss
Redaktør: Hege Haugland
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mai 2025><<
mai 2025
mtotfls
28293001020304
05060708091011
12131415161718
19202122232425
26272829303101
02030405060708
Pedagogiske lenkar
Multi 1 - 4
Multi 5 - 7
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Gå til Fronter
Sauesanking og slakting

Å sanke sauer og slakte dei var kjempegøy, lærerikt og litt slitsamt. 
Me møtte opp i Nordevågen 08.30 og tok båt ut til Eikholmen. Der framme måtte me vera musestille for ikkje å skremma sauene. Men dei skjøna kva me skulle. Me byrja med å laga ei linje, ei form for gjerde med oss. Nokre skulle jaga sauene bort til dei på linja som skulle vera med og jaga dei i inn i tøkjet. Me klarte ikkje å stoppa dei. Me gjorde det mange gongar på same måte. Me snudde vegen til slutt. Det vart meir vellykka. Me fekk dei etter nokre rundar til. Den siste veren prøvde å svømma vekk, men Hilde byksa etter og fekk tak i den. Sauene vart frakta til lands i båt. Me vart igjen fordi det vart for stor last om ikkje. Vel over på andre sida måtte me gå tilbake på skulen, for det var ikkje tid til å byrja å slakta før skuledagen var over. Me fekk slakta dagen etter. ME møtte opp hos Rolf Rusten og her har me slakta 5 dyr. Det ha vore gøy. Det var litt ekkelt når dei hadde dødskrampar og når innvollane ramla ut av skrotten då den vart heisa opp. Me må ta dette tilbake på skulen og ha naturfag med heile klassen sa ein elev og holdt opp hjarte på sauen. Det har vore lærerikt, gøy og litt slitsamt. I alle fall slitsamt å springa så mange gongar etter dei ulldottane ute på Eikholmen. 
Main Image

Bilete 1 av 18