Kjekk og innhaldsrik start på sommar-SFO!
Fyrste veka på sommar-SFO er snart over, og me har hatt ei kjekk og innhaldsrik veke saman med ein fin gjeng frå 1.–3. trinn. Trass skiftande vêr har me vore på tre turar, med leik, bading og spanande opplevingar i naturen. Høgdepunktet var turen til den nye turløypa, med bratt "monsterbakke" og god meistring. I dag har me kosa oss i Austevollsbadet og avslutta med film i klasserommet.
Publisert: 27.06.2025 13:20 Sist endra: aldri Forfattar: Tomas Reikvam
Fyrste veka på sommar-SFO er over, og no har me berre éin dag att før det er ferie for både liten og stor.
Me har hatt ei innhaldsrik og kjekk veke saman med ein flott gjeng frå 1.–3. trinn. Sommarveret har ikkje vore heilt på vår side, men me har likevel hatt tre fine turdagar.
Fyrste turen gjekk til leikeplassen ved Solli barnehage. Der spelte nokre fotball i ballbingen, medan andre koste seg med leik i skogen og trehytta.
Onsdag hadde me håpa på sol, og me sette kursen mot den nye turløypa til 7. trinn – ein avstikkar frå Inger Anne-løypa, som går heilt ned til sjøen. Godveret lét vente på seg, men det blei likevel både bading, krabbefangst og paddejakt i fjæra.
Siste veka før skuleferien opna 7. trinn denne turløypa saman med 3. trinn, sponsorane og lokalavisa Marsteinen til stades.
Den aller siste etappen i løypa viste seg å vere ein skikkeleg «monsterbakke», som ungane kalla han. Det blei nesten som fjellklatring å kome seg fram og tilbake! Med god hjelp og heiarop frå kvarandre, blei det ei gøy og lærerik oppleving – full av meistring.
Siste turdag gjekk til SFO-skogen, der me grilla fiskepinnewrap i grillhytta og leikte masse i skogen.
Til glede for både små og store har me i dag hatt ein tur til Austevollsbadet, før me rundar av dagen med filmen Lilo og Stitch – på «kino» i klasserommet.
Tusen takk for ei super veke saman med SFO-gjengen! ❤️