Uteskule
Me hadde ein flott tur til Tjøtta Gard.
Publisert: 11.04.2024 00:20 Sist endra: 11.04.2024 00:33 Forfattar: Lærar
Frileik stod på planen idag. Leik på ein flott og variert leikeplass med sandkasse, rutsjebane, balanseløype, ufo-disse, klatrenett og fotballbane. Det blei og klatring i tre, hyttebyggjing, tikken, rulling i grasete nedoverbakkar og mykje lått og løye. "Me vil ikkje heim" og "Me må her neste gong og for her er det så mykje å gjera", var det mange som meinte. Dette er eit trinn som kan leika godt på tur! Og nista smakte ekstra godt idag, ute på benken i sola! Me var heldige med vêret!