Publisert: 11. september 2025 | Sist endra: aldri | Forfatter: Gerd-Torill Hegre Berg
Kreative sokkebamsar på 3. trinn 🧸🧵
Elevane på 3. trinn har dei siste vekene jobba med eit kreativt og koseleg prosjekt i kunst og handverk – dei har laga sine eigne bamsar av ein einsleg sokk!
Målet med oppgåva var å “prøve ut ulike idear og moglegheiter i gjenbruksmateriale”.
Elevane måtte fylla sokken med vatt, sy han godt igjen slik at vatten ikkje kom ut, og gje bamsen både auge og munn. Elles fekk elevane vera kreative og laga bamsen akkurat slik dei sjølve ønskte.
Resultatet blei mange flotte og unike sokkebamsar! Elevane hadde god innsats og viste stor skaparglede. Dei var einige i at oppgåva hadde vore veldig gild, sjølv om det kunne vera litt vanskeleg å tre nåla.