Publisert: 16. oktober 2025 | Sist endra: aldri | Forfatter: Lærarane på trinnet
Forfattardag på 3. trinn
Denne dagen fekk alle elevane prøva seg som forfattarar. Med utgangspunkt i modellteksten “Kan jeg …?”, laga dei sine eigne bøker, både med tekst og eigne illustrasjonar. Elevane dikta vidare i same mønster som i modellboka, og resultatet vart kreative og morosame forteljingar med stort personleg preg.
I tillegg til tekst og teikningar, fekk elevane også spela inn eigne lydfiler. Her laga dei lydeffektar som passa til handlinga i boka – noko som gjorde leseopplevinga ekstra levande og gøy!
Det var ei glede å sjå kor engasjerte elevane var. Dei lo, samarbeidde, og var stolte over det dei fekk til. Ein elev sa det slik: “Dette er den gildaste dagen me har hatt på skulen!”, og mange spurde om me kunne gjera dette meir.
Dersom de har ei forfattarspire heime, oppmodar me dykk til å spørja om å få boka opplest – med både lyd og bilete!