Meny
Velg seksjon Forside
Verdalsvegen 35 4351 KLEPPE
Telefon: 51788400 Faks: 51788401 Send oss e-post
Redaktør: Roar Johannessen
Visma flyt skole
Visma flyt skole
Showbie
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Skulehelsetenesta

Helsesjukepleiar Ingvild Eikrem er på skulen tirsdag og onsdag frå 08.30 til 13.30.

Ho kan treffast på telefon 51788434/48255792.

Program for skulehelsetenesta:  

7. trinn: Vaksine, humant papillomavirus, HPV, 2 dosar. (6 mnd intervall)  

8. trinn: Individuelle samtaler med alle elevar, måling av høgde og vekt.  

10.trinn: Vaksine mot difteri, stivkrampe, kikhoste og polio.   Undervisning om seksualitet og prevensjon.  

Helsesjukepleiar har også undervisning i klasse eller grupper etter behov på ulike trinn.    

Barnet/ungdommen kan sjølv ta kontakt med helsesjukepleiar på skulen dersom det ønskjer nokon å snakka med. Tema som kan vere aktuelle er vennskap, trivsel på skulen og heime, sjukdom, matvanar, pubertet, seksualitet og mykje meir.  

Foreldre kan og ta kontakt om de opplever utfordringar/spørsmål omkring barnet/ungdommen anten det er i forhold til skulen eller heime.  

Helsesjukepleiar kan formidle kontakt med andre instansar, og deltek i tverrfaglege møter på skulen.  

 

 

Nyttige linkar

Informasjon om lus

https://fhi.no/ml/skadedyr/lus/  

Informasjon om PIS

http://www.vfb.no/no/vi_tilbyr/skilsmisse_i_familien/skilsmissegrupper/  

Informasjon om nasjonale rettningslinjer i skulehelsetenesta

https://helsedirektoratet.no/helsestasjon-og-skolehelsetjeneste  

Informasjon om vaksiner

https://www.fhi.no/nettpub/vaksinasjon-i-barne--og-ungdomsalderen---informasjon-til-foreldre/  

..