Meny
Velg trinn eller SFO Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Velkommen til vårens høgdepunkt, foreldremøte 5. mars

Kvar vår inviterer FAU og skule til felles foreldremøte, og det gjer me i år og. Sett av tysdag 5. mars til ein kveld i for Gleding . Me er så heldige å få besøk av Siri Abrahamsen, som vil fortelja oss korleis me kan byggja empatiske mennesker ved hjelp av Gleding.

Siri Abrahamsen reiser rundt i heile landet og inspirerer vaksne og born til å sjå kvarandre for den dei er. Gleding handlar om å sjå verdien i kvar einskild. Dette er eit særs viktig tema som me arbeider aktivt med på skulen og som er ein del av utviklingsplanen til Bryne skule. Temaet er svært aktuelt i ei tid der ein ser stadig aukande stress og psykiske utfordringar hos barn og  ungdom, og der nokon snakkar om eit kaldare samfunn.

Me treng å verta medvitne korleis me i fellesskap kan ta vare på kvarandre. Dette er det ingen som kan betre enn Siri. Forteljingane hennar vil røre og glede alle som kjem i hennar nærvær. Ho vil få oss alle til å reflektere og ikkje minst få lyst til å gjere ein forskjell for dei rundt oss.

Siri vil vera på skulen med elevane gjennom heile skuledagen før ho skal ha kurs med alle tilsette. På kvelden skal ho ha 2 stk foreldremøter. Me er heilt sikre på at det vil bli fult i aulaen på begge møta og gler oss til å dela denne kveldsøkta saman med dykk.

Me har eit sterkt ønskje om at me i fellesskap skal slå ring om alle som bur på Bryne og utfordrar alle føresette til å koma på dette møtet.

Temaet vil ta utgangspunkt i Korleis skape robuste, glade og empatiske barn ? I følgje Siri er foreldrerolla verdens viktigaste leiarrolle.

Tysdag 5. mars kl 17.30-19.00     Foreldremøte for 1.-3. trinn

Tysdag 5. mars kl 19.30- 21.00     Foreldremøte for 4.-7. trinn

Sjå gjerne på heimesidene hennar og les tilbakemeldingar frå tidlegare kurs/møter ho har halde.

Gleding