Meny
Velg trinn eller SFO Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Gleding på Bryne skule

Tysdag 5. Mars vart Gleding sett på agendaen for alle som bryr seg om Bryne skule. Elevane, personalet og føresette fekk oppleve ei energisk og varm Siri Abrahamsen som baud på seg sjølv gjennom 5 samlingar. Ho hadde 2 samlingar med elevane kor ho delte små og gode tips om korleis elevane kan vera «superhelter» i kvarandre sine liv. Smil og gode ord smittar lett og vil gjera kvardagen betre for alle.  

I samlinga med personalet snakka ho mellom anna om korleis me påverkar kvarandre og kor viktig det er å vera rause i samarbeid. Bryne skule har, som alle andre arbeidstader, mange ulike mennesker som skal samhandle og ho gav oss mange gode tips om korleis me som kollegium kan gjere kvarandre gode.

På foreldremøtet snakka ho om foreldrerolla og korleis me byggjer barn som er rusta til å meistre livet i medgang og motgang. Korleis styrker me både sjølvfølelsen og sjølvtilliten ? Ho la særs vekt på at viss ikkje sjølvbiletet er sterkt nok så kan sjølvtilliten og verta skjør. Siri forklarte kor viktig det er å møta barn på følelsar og kor viktig det er at dei får kjenna på alle typer følelsar. Rådet hennar til føresette er å anerkjenne følelsar som glede, sinne, sorg og prøve å få barnet til å setje ord på korleis dei eigentleg har det. Me som vaksne må våge å setja eigne ord på desse følelsane for å hjelpe barna våre.

Siri var svært tydleg på korleis barna arver verdiar og haldningar frå heimen og oppfordra alle vaksne til å tenkja over korleis dei omtalar andre, både kjente og ukjente når dei er saman med barn. I dagens samfunn er sosiale media ei utfordring og ho snakka varmt om å ta kontrollen over barna sin tilgang til ulike program medan dei endå er barn. Det er dei vaksne som skal regulera barna sin bruk av digitale medium. Det er ein grunn for at det er aldersgrenser på mange av desse.

Andre emner ho var innom var empati som handler om å våga å sjå saka frå den andre sin ståstad, inkludering som handlar om korleis vaksne er rollemodellar for å inkludere alle barna i krinsen. Sist men ikkje minst så oppfordra ho alle å setja av tid til barna medan dei er barn. Det er ingen barn som har teke skade av å få for mykje tid, omsorg og kjærleik. 

Bryne skule er stolte av å få ha Siri på besøk ein heil dag og det var ei sann glede å oppleve  den intense omsorga ho har for alle mennesker. Energien hennar smittar lett og me vaksne på Bryne skule håper dette vert ein epidemi som vil breie seg i heile krinsen.