Meny
Velg trinn eller SFO Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Songskattane 2019

Songskattane er del av Den kulturelle skulesekken sitt program i Time kommune. Kvart år får 4.trinn i heile kommunen vera med på eit djupdykk i norsk songtradisjon. I år var det duka for premiære på ei ny samling og me fekk vera med elevane opp Til Sætra. 

På vegen opp Til Sætra møtte me eit utval av kjente «personar» frå gode gamle tradisjonelle songar, Den glade vandrer, Kjerringa (med staven), Anna ( Knutsdotter), Håvard Hedde m.fl. Desse «personane» fortalte små historiar mellom songane og fekk både små og stor til å trekkje på smilebanda med lune og gode kommentarar. 

Førestillinga vart gjennomført tre gonger i løpet av onsdag 6.mars. Det vart gjennomført 2 skuleførestillingar for 1.-5.trinn frå Bryne skule og Rosseland skule. På kveldstid var det førestilling for føresette, besteforeldre og søsken, som alle lot seg underhalde og bevege av 160 energiske barn på scenen.

Som tilskodar kan ein ikkje unngå å verta imponert av dei unge koristane som står på scenen og byr på alt dei har. Dei syng og spelar roller på eit imponerande vis. Det er tydeleg at det er gjort eit fantastisk arbeid på førehand for å tryggje dei, og for å få dei til å yte sitt aller beste. Stor takk til alle vaksne som høyrer til på 4.trinn for alt de har gjort mtp innlæring av songar, koreografi og stødig rettleiing undervegs. 

I tillegg ei stor takk til Kulturskulen som kvart år går på nye prosjekt og som i år hadde sett saman eit nytt program med mange spanande arrangement. 

Me gler oss allereie til Songskattane 2020.