Meny
Velg trinn/seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Ordensregler

Ordensreglar for Bryne ungdomsskule:

Føremål: Ordensreglane skal fremja samarbeid og trivsel, respekt og medansvar for alle på skulen. Skal me få til dette, må alle vera venlege, omsynsfulle, ærlege, høfleg og hjelpsame mot kvarandre.

Reglar

Orden (førebuing, arbeidsvanar og arbeisinnsats)                                

Eleven skal ha god orden. Det er god orden å:

- møta presis på skulen og til undervisninga

- ha skulesakene i orden

- ha med nødvendige læremiddel og utstyr

- gjera arbeidet ein skal så godt ein kan og til rett tid.

Oppførsel( all oppførsel på skulen, både mot medelevar, lærarar og andre tilsette)

Eleven skal ha god oppførsel. Det er god oppførsel å:

- vera roleg i timane

- ikkje banna eller bruka anna grovt språk

- ikkje mobba eller på andre måtar krenka andre fysisk, verbalt eller digitalt

- visa respekt for skulen og andre sine eigedelar

- ikkje ha snop eller brus på skulen

- ikkje røyka, snusa eller vera påvirka av rusmiddel

- ikkje fuska eller forsøka å fuska på prøvar eller innleveringar

- vera på skulen heile skuledagen

- ikkje bruka mobil i skuletida

- pruka pc og nettbrett bare til skulearbeid

Reaksjonar: Dersom du ikkje rettar deg etter desse reglane, reagerer dei vaksne på skulen med:

- samtale med lærar

- telefon eller mail til føresette

- merknad på ordens/oppførselskarakteren

- melding heim

- dersom du misbruker pc og lærebrett i skuletida blir han dratt inn og du får han igjen etter skuletid. Det same gjeld for mobil.

- innesitjing i friminutt

- utvising frå skulen i inntil tre dagar

- du må erstatta eventuell skade

Ordensreglementet gjeld i skuletida, for arrangement på skulen utanom vanleg skuletid, på turar og liknande som skulen har ansvar for. Brot på ordensreglane kan få konsekvensar for ordens- og oppførselskarakteren.

-