Meny
Velg seksjon Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. klasse
9. klasse
10. klasse
Nedre Sarv 4754 Bykle
Telefon: 37938621 / 48894317 Send e-post til oss
Redaktør: Rønnaug Torvik
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<september 2019><<
september 2019
mtotfls
26272829303101
02030405060708
09101112131415
16171819202122
23242526272829
30010203040506
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Myrslått på Bjåen

Fredag 6. september var elevane som har natur, miljø og friluftsliv, til Bjåen for å vere med på myrslått. 
Elevane fekk prøve seg på å slå med både langorv- og stuttorv. Vi prøvde oss også på å setje opp høystakk, men denne blei vi ikkje ferdig med. 
Trass i litt regn, var det ein flott og lærerik dag. 
«På Bjåen slo dei utmarka heilt ut på 60-talet. Det var særleg dei rike myrane som vart slege, og graset herifrå utgjorde ein stor del av vinterfôret til husdyra. Det vart slege på dei fleste myrane kring vatna. Høyet sette dei i stakk og køyrde heim med hest og slede på vinteren. På Bjåen, og på myrane kring Breivatn, var det 15-20 stakkar kvart år. «Naturtypen slåttemark er kritisk truga ifølge Norsk raudliste for naturtyper. Det er eit svært rikt artsmangfald i slike slåttemarker. Difor vert dei sett på som spesielt verdfulle å ta vare på, for å kunne ta vare på fleire artar. Slåttemarkene vart slått for å skaffe fôr til dyr. Etterkvart som ein har dyrka meir av jorda, gjødsla og fått større og fleire maskiner, vart utmarkslåtten dei fleste stader for tungvint til å drive vidare. Difor er det veldig lite att av denne natutypen i dag.
Main Image
Bilete 1 av 25