Meny
Velg seksjon Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. klasse
9. klasse
10. klasse
Nedre Sarv 4754 Bykle
Telefon: 37938621 / 48894317 Send e-post til oss
Redaktør: Rønnaug Torvik
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<juni 2020><<
juni 2020
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Oppdatering frå skulen

Det har snart vore heimeskule i ei veke. Her er litt informasjon frå skulen. Vi har og fått oppdaterte råd frå Setesdal barnevern. Desse råda finn du i høgre marg, dersom du klikkar på brev, dokument og søknadskjema.

Denne veka har vi hatt  heimeskule for alle elevane. Vi lærer mykje om digitale løysingar og trur det vil kome til nytte etter at dette er over også. Nå har vi ingen elevar på skulen. Vi har minimalt med folk på SFO. Der må vi følje strenge retningsliner for kven som kan vere der og korleis vi handterar smittevernsreglane.  Har begge foreldra samfunnskritiske funksjonar, kan ein ta kontakt, så vi kan vurdere om SFO er aktuelt.
Vi oppfordrar dykk til å vere ein del ute. Borna kan vere i lag med andre born, men helst ikkje meir enn to og to og ikkje fysisk nær kvarandre.
God handhygiene er regel nummer ein. Vi blir gode på dette etter kvart!  
Barnevernet minner oss om at der er ein alarmtelefon 116 111, vi har barsnakk.no( ei anonym chatteteneste), snakkompsyken.no og lokal barnevernsvakt. Sosialpedagogisk rådgjevar på skulen er også tilgjengeleg for samtalar med foreldre og elevar. Vi håper de heime tek godt vare på kvarandre, men vi vil også vere her for dykk når de treng oss.

Venleg helsing personalet ved Rønnaug Torvik