INFORMASJON TIL 9. & 10. kl. 2021/2022 frå rådgjevar
Litt informasjon om det som skjer dette skuleåret
INFORMASJON
TIL 9. & 10. kl. 2020/2021 frå rådgjevar
ÅRSHJUL:
•
SEPTEMBER
- 1. september er foreldremøte for 10. klasse
- 17. september er siste frist for påmelding til hospitering i vgs. for 10. klasse.
• OKTOBER
- Infomøte for elevane om gangen i
søknadsprosedyre etc. Vi tar ein interessetest.
- Individuelle
samtaler med elevane startar. Utgangspunkt er interessetestar som elevane tek på nytt i haust.
• DESEMBER
- Individuelle
samtalar held fram.
- Rådgjevar
på kurs og viktig informasjonsmøte om søkeprosess og elevinntak til VGS i 2021.
• DESEMBER/
JANUAR
- 21. januar: Frist for påmelding til hospitering i vgs. for 9.-klassingane
- Informasjon
og søknadsskjema for kvar enkelt elev i tiande skal vere klar på nettet. Elevane får tilsendt MinID og innføring i
bruken av websida. Her ligg all viktig informasjon i samband med søking for
skuleåret 2021- 2022 for både elevar og føresette.
- Elevsamtaler
med einskildelevar, eventuelt saman med føresette.
(Tidsplan vert sett opp seinare).
- Open dag på vidaregåande skular.
- Utdanningsmesse i Stavanger 24. januar for 9.- og 10.- klassingane
OBS! Det kan absolutt vere
aktuelt å ha ein kveld med nokre, eller alle av, elevane og dei føresette i
januar for å ha ein siste gjennomgang av søknadsprosessen og gjennomgang av dei
viktigaste nettstadene (vigo.no og vilbli.no).
• MIDTEN AV
FEBRUAR
- Siste
innspurt før søknadsfristen
- NB!! 1.
MARS (Klokka 23.59!)
- Søknadsfrist
til VGS (fellesinntaket). Søknaden
skal leverast på Internett. Elevane
får eigen kode (i januar), og er sjølve ansvarleg for søknaden. Rådgjevar er
rettleiar og ”assistent”, og kontrollerer at søknaden er i orden.
• MARS
- 14. mars til 18. mars: Elevane i niande klasse får prøve seg i
vidaregåande skule. Dette er ein del av faget Utdanningsval. Dei får vere med
ein dag i det utdanningsprogrammet dei har sett opp som 1. prioritet.
Gjermund