16.oktober skal vi ha skoleløp for heile skolen!
Årets TV-aksjon går til Atlas-alliansen og skal opne dører for funksjonshemma som lever i krig og fattigdom. Saman skal vi gi naudhjelp, utdanning og høve til eit betre liv.
spleis.no/453412
Vi ønskjer å gje elevane ei moglegheit til å hjelpe andre, og vi håpar at dette kan motivere elevane både før, under og etter skoleløpet! Skolen vil leggje til rette for barn som av ulike grunnar ikkje kan springe eller gå. Målet er at alle elevar skal inkluderast i aktiviteten.
Før skoleløpet:
Kvar elev får eit skjema der ein fyller inn støttespelarar og beløpet dei ønskjer å gje. Støttespelarar, som for eksempel foreldre, besteforeldre, tanter, onklar og naboar, kan betale ein sjølvvald sum per runde eleven spring. Sjølve løpet foregår frå kl 0950- 1010 og bygda er hjarteleg velkomne til å komme for å sjå på og heie. Kom gjerne kl 0940 for å høyre oppstarten
Fyll inn beløp på skolens: spleis.no/453412
Under skoleløpet:
Eleven går/spring ein runde på skoleområdet så mange gongar dei orkar innanfor ein tidsfrist på 20 minuttar.
Etter skoleløpet:
Etter avslutta løp kan eleven gje melding til sine støttespelarar kor mange rundar dei sprang. Innbetalingar kan gjerast gjennom skolen sin Spleis, der innbetalingar er anonyme og kontantfrie. På same nettside er det mogleg å følgje med på kor mykje skolen har samla inn totalt.