Meny
Velg seksjon Framside
Finnøy skule Hagabakken 1 4160 Finnøy Telefon: 51914422 Send e-post til oss
SFO Hagabakken 1 4160 Finnøy Telefon: 458 78 249 Send e-post til oss
Redaktør: Bente Tjelta
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Godt val!

Denne hausten har dagens stortingsval prega både mediabiletet og praten mange i mellom. 

Me på skulen har også vore opptatt av valet, og tysdag 7/9 inviterte 10. klasse til skuleval.

Alle elevane frå 6. til 10. klasse vart inviterte til å delta, og 10. klassingane tok seg av alle funksjonane ein treng å ha på plass for å gjennomføre eit val.

Kvar klasse fekk tildelt tid for å stemme, og elevar kom i smågrupper  til «vallokalet» kor valfunksjonærar frå 10 klasse rettleia dei i korleis dei skulle gjere. Det stod stolar utanfor «stemmelokalet» der dei måtte vente på tur. 

I etterkant jobba 10. klasse med resultata, og dei fekk mellom anna laga prosentvis oversikt over stemmene. Vinnarane av skulevalet på Finnøy vart Senterpartiet med 30,9% av stemmene

Øyposten var på plass for å lage ei sak til avisa, og når 10. klass drog på tur til Bandåsen torsdag var det ivrig avislesing på ferja!

Takk til Mari-Anne og Tor Magne som fasiliterte skulevalet, og takk til ivrige elevar som tok den demokratiske utfordringa på strak arm!

Main Image

Bilete 1 av 6