Til foreldre og føresette
Om kort tid vil de få invitasjon til å svare på årets foreldreundersøking til Fister skule på SMS. Me blir veldig glade viss de svarer på undersøkinga. Dei tilbakemeldingar me får frå dykk vil me bruke i det videre arbeidet vårt for å gjera Fister skule til ein best mogeleg skule for alle elevane våre.
Det er kun ein i kvar husstand som får SMS med spørsmål om å delta i foreldreundersøkinga. De får ein melding for kvart born de har på skulen. Me ynskjer at de svarer for kvart born de har.
Ta kontakt med skulen på tlf. 934 83 830, eller på e-post fister.skule@hjelmeland.kommune.no viss ingen i husstanden får SMS om foreldreundersøkinga, om de ikkje får til å logge dykk inn, eller viss de har andre spørsmål til foreldreundersøkinga.
De kan lesa meir om undersøkina her
På førehand TUSEN TAKK for hjelpa!
Venleg helsing Fister skule v/rektor