Meny
Velg seksjon SFO
Klasse 1
Klasse 2
Klasse 3
Klasse 4
Klasse 5
Klasse 6
Klasse 7
Hovedadresse Solbjørgvegen 62 4139 Fister Telefon: 93483830 Send e-post til oss
Fister barnehage Solbjørgvegen 60 4139 Fister Telefon: 40439220
Redaktør: Solveig F. Løndalen
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Gå til Its Learning

Til foreldre og føresette

Om kort tid vil de få invitasjon til å svare på årets foreldreundersøking til Fister skule på SMS. Me blir veldig glade viss de svarer på undersøkinga. Dei tilbakemeldingar me får frå dykk vil me bruke i det videre arbeidet vårt for å gjera Fister skule til ein best mogeleg skule for alle elevane våre.

Det er kun ein i kvar husstand som får SMS med spørsmål om å delta i foreldreundersøkinga. De får ein melding for kvart born de har på skulen. Me ynskjer at de svarer for kvart born de har.  

Ta kontakt med skulen på tlf. 934 83 830, eller på e-post fister.skule@hjelmeland.kommune.no viss ingen i husstanden får SMS om foreldreundersøkinga, om de ikkje får til å logge dykk inn, eller viss de har andre spørsmål til foreldreundersøkinga.

De kan lesa meir om undersøkina her

På førehand TUSEN TAKK for hjelpa!

Venleg helsing Fister skule v/rektor


For å sikre ein lusefri vår ynskjer Folkehelseinstituttet at alle landets skular skal gjennomføre ein kampanje mot hovudlus denne veka, veke 10. Folkehelseinstituttet ber alle foreldre til å sjekke borna sine for hovudlus denne veka. Meir informasjon finn de ved å lese her

På grunn av felles opplæring på iPad med kommunane Suldal og Sauda har Hjelmeland kommune måtta endre skuleruta for skuleåret 2019/2020. Den reviderte skuleruta kan du finne  her. Du finn den også under fana informasjon på høyre side i bilete. 

Skuleruta for neste skuleår er nå vedtatt. Du finn den her, eller under fana "diverse informasjon". 

Ha med dag på SFO. Det var fleire som hugsa å ta med seg ei leike denne dagen. Elevane leika kjekt i lag med leikene, etter at me hadde vore ute og lufta oss. Neste ha med dag på SFO er måndag den 18.2. 

SFO måndag var me få men me hadde det gjilt. Me leika inne med LEGO og teikning. Det var brødskiver og litt pannekake til mat denne dagen.