Meny
Velg seksjon Klasse 3
Klasse 1
Klasse 2
Klasse 3
Klasse 4
Klasse 5
Klasse 6
Klasse 7
Hovedadresse Solbjørgvegen 62 4139 Fister Telefon: 93483830 Send e-post til oss
Fister barnehage Solbjørgvegen 60 4139 Fister Telefon: 40439220
Redaktør: Solveig F. Løndalen
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Gå til Its Learning
Alle elevane på skulen har dei siste dagane hatt felles bærekraftveke. 

Til foreldre og føresette

Om kort tid vil de få invitasjon til å svare på årets foreldreundersøking til Fister skule på SMS. Me blir veldig glade viss de svarer på undersøkinga. Dei tilbakemeldingar me får frå dykk vil me bruke i det videre arbeidet vårt for å gjera Fister skule til ein best mogeleg skule for alle elevane våre.

Det er kun ein i kvar husstand som får SMS med spørsmål om å delta i foreldreundersøkinga. De får ein melding for kvart born de har på skulen. Me ynskjer at de svarer for kvart born de har.  

Ta kontakt med skulen på tlf. 934 83 830, eller på e-post fister.skule@hjelmeland.kommune.no viss ingen i husstanden får SMS om foreldreundersøkinga, om de ikkje får til å logge dykk inn, eller viss de har andre spørsmål til foreldreundersøkinga.

De kan lesa meir om undersøkina her

På førehand TUSEN TAKK for hjelpa!

Venleg helsing Fister skule v/rektor


Elevane på Fister skule er utruleg glade for nytt kunstgras i ballbingen. I dag feira me med «nyåpning» av ballbingen. Elevrådsleiar Nora Helgøy fekk æra av å klippa snora, og elevane kosa seg med fotball og pølser på grill i det fine haustveret!

Referat frå møte i FAU og SU/SMU på Fister skule finn de under fana "SU/FAU-møter" nederst til høgre på denne sida. 

Me gler oss til å ynskje elevane velkomne til eit nytt skuleår måndag 19. august. Me startar dagen med fellessamling for alle elevane i biblioteket kl. 08:30.

 


Me har all grunn til å vera stolte av elevrådet på Fister skule. I går var dei med på Barn-og unges kommunestyre. Elevane hadde forberedt seg godt på å leggja fram sakene dei hadde med seg til møtet. Alle representantane var på talarstolen for å fremja sakene sine. Dette gav resultater. Du kan lesa meir om sakene frå Fister skule under.