Meny
Velg seksjon Klasse 6
Klasse 1
Klasse 2
Klasse 3
Klasse 4
Klasse 5
Klasse 6
Klasse 7
Hovedadresse Solbjørgvegen 62 4139 Fister Telefon: 93483830 Send e-post til oss
Fister barnehage Solbjørgvegen 60 4139 Fister Telefon: 40439220
Redaktør: Solveig F. Løndalen
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Gå til Its Learning

Me gler oss til å ynskje elevane velkomne til eit nytt skuleår måndag 19. august. Me startar dagen med fellessamling for alle elevane i biblioteket kl. 08:30.

 


Me har all grunn til å vera stolte av elevrådet på Fister skule. I går var dei med på Barn-og unges kommunestyre. Elevane hadde forberedt seg godt på å leggja fram sakene dei hadde med seg til møtet. Alle representantane var på talarstolen for å fremja sakene sine. Dette gav resultater. Du kan lesa meir om sakene frå Fister skule under.

Det er berre å glede seg til årets elevkveld! Elevane er i full gang med øving på song, dans og replikkar til skodespel. Sett av datoen, så kjem det meir informasjon snart.

Vårens lesebingo er avslutta. Første trinn vart trekt ut som heldige vinnarar av lesebingoen. Premien er is og høgtlesing til klassen. Elevane har hatt eit utruleg leseengasjement, og dei har fortalt om mange gode lesestunder både heime og på skulen. Undervegs har me trekt fleire delvinnarar som til stor jubel har vunne popkorn til klassen sin. Me vonar at lesebingoen har ført til økt leseglede hjå elevane våre!

For å sikre ein lusefri vår ynskjer Folkehelseinstituttet at alle landets skular skal gjennomføre ein kampanje mot hovudlus denne veka, veke 10. Folkehelseinstituttet ber alle foreldre til å sjekke borna sine for hovudlus denne veka. Meir informasjon finn de ved å lese her

På grunn av felles opplæring på iPad med kommunane Suldal og Sauda har Hjelmeland kommune måtta endre skuleruta for skuleåret 2019/2020. Den reviderte skuleruta kan du finne  her. Du finn den også under fana informasjon på høyre side i bilete.