Meny
Velg seksjon Framside
Fogn 4164 Fogn
Telefon: 51 71 46 80 Send e-post til oss
Redaktør: Hilde Folkvord Juul
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Barnehagedagen 2019 markert med isfest!

Temaet for barnehagedagen 2019 var "Jeg lurer på" og i barnehagen på Fogn har dei i det siste lurt mykje på ting som handlar om is. Korleis kjennes isen ut? Kva skjer når vi knuser den? Korleis er det å bada i is? Kva skjer når vi har salt på isen? Og kva med konditorfarge? Kan vi frysa leiker ner i isen? 

På barnehagedagen fekk foreldre, søsken og tilsette ved oppvekstsenteret sjå kva barnehagen har holdt på med i vinter, gjennom innlegg og film frå Elin, medan dei fekk spise kake, drikke champagnesaft i stettglass, og ikkje minst sjå på mange flotte isskulpturar som var sett fram. Sjå både filmen som Elin hadde laga til, og bilete frå den kjekke festen, ved å klikka "les meir".

Filmen som Elin hadde laga til kan de sjå ved å klikka HER.
Main Image
Bilete 1 av 10