Meny
Velg seksjon Forside
Fogn 4164 Fogn
Telefon: 51 71 46 80 Send oss e-post
Redaktør: Hilde Folkvord Juul
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Nasjonale prøver

Denne og neste veke gjennomfører elevane i 5. klasse nasjonale prøver i lesing, rekning og engelsk. 

mandag 16. september; lesing

onsdag 18. september: rekning

onsdag 25. september: engelsk

Nasjonale prøver er obligatoriske, og skal gjennomførast for alle elevar på 5., 8. og 9. trinn i grunnskolen. Prøvane viser kva ferdigheiter elevane har i lesing, rekning og engelsk. Dette er ferdigheiter som er viktige for læring i alle fag. 

Det tek inntil 90 minutt å løyse ei prøve i lesing og rekning, mens det tek inntil 60 minutt å løyse ei prøve i engelsk. Prøvane er  elektroniske.

Føremålet med nasjonale prøver er å gi skulen kunnskap om elevane sine grunnleggjande ferdigheiter. Resultata gir også informasjon som skal danne grunnlag for undervegsvurdering og kvalitetsutvikling på alle nivå i skolesystemet, både internt på skulen, men også til lokale og nasjonale myndigheiter.

 

Du kan lese meir om nasjonale prøver her: https://www.udir.no/eksamen-og-prover/prover/nasjonale-prover/om-nasjonale-prover/