Meny
Velg seksjon Forside
Fogn 4164 Fogn
Telefon: 51 71 46 80 Send oss e-post
Redaktør: Hilde Folkvord Juul
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Flott resultat på solidaritetsaksjonen

Torsdag 24. oktober var det solidaritetsaksjon på Fogn oppvekstsenter. Det kom inn kr. 21 592 som går til Hei Verda sitt hjelpearbeid i Bangladesh.  

Aksjonen starta med ei kort orientering om kva pengane skulle gå til, samt ei orientering om dei ulike aktivitetane dei frammøtte kunne delta på. Før sjølve salet starta, blei alle invitert til å vere med på "Bli med" - dansen. 

Vi solgte middag, kake og kaffi. I tillegg kunne ein delta på ulike aktivitetar som elevane hadde ansvar for, eller handle på loppemarkedet. Det var også loddsal med flotte gevinstar.

Heimane bidrog med flotte og gode kaker og/eller gevinstar til basaren. 

Det var svært mange som kom og var med på å støtta opp om solidaritetsaksjonen vår.

 

Tusen takk til alle saman!

Main Image
Bilde 1 av 26