Meny
Velg seksjon Framside
Fogn 4164 Fogn
Telefon: 51 71 46 80 Send e-post til oss
Redaktør: Hilde Folkvord Juul
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Barnehagane vidarefører redusert opningstilbod inntil vidare

Dette betyr at den pedagogiske kjernetida i veke 20 framleis vil vere frå kl. 09.00 – 15.00, der 30 minutt før og etter er til henting og levering etter avtalt tid med barnehagen.

Dette er likt det tilbodet vi har hatt i perioden etter at barnehagane opna igjen 20. april.  

Grunnen til at tilbodet med kortare dagar blir vidareført, er at barnehagane skal drive i tråd med ulike krav om smitteverntiltak frå helsemyndigheitene. Her gis det blant anna føringar om hygienetiltak og redusert kontakt mellom personar.

For å organisere dette på ein god måte som sikrar forutsigbarhet og stabilitet for barn, foreldre og tilsette, er det framleis behov for at opningstidene er noko avgrensa.  

Vi ventar ein revidert smittevernrettleiar den 8.mai. Denne gir kommunane føringar for vidare drift fram mot sommaren.

Tilbod utanfor kjernetid

Barn som har foreldre med samfunnskritiske funksjonar og barn med særlege behov, vil framleis ha høve for eit tilbod innafor det som er barnehagen si opningstid i normaldrift, frå 07.30 – 16.30. Dette tilbodet skal kun gis ved behov.