Meny
Velg seksjon Framside
Fogn 4164 Fogn
Telefon: 51 71 46 80 Send e-post til oss
Redaktør: Hilde Folkvord Juul
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Gradvis oppstart på skulen for elevane i 5.-7.klasse

Som de ser i informasjonen frå Stavanger kommune, blir det ein gradvis oppstart for elevane på 5.-7.trinn neste veke.

På Fogn oppvekstsenter har vi bestemt at 7.klasse skal starte opp onsdag 13. mai. Dette er ei stor elevgruppe. Sjølv om elevtalet er innafor tal på elevar pr. gruppe, vil storleiken på klasserommet gi oss utfordringar og vi må gjere nokre endringar i forhold til avstand mellom pultane og bruk av andre rom. 7.klasse vil derfor få heimeundervisning på måndag og tysdag neste veke.

5.-6.klasse er ei lita gruppe og vi treng ikkje tid til å organisere tilbodet i forhold til klasserommet og timeplan. 5.-6. klasse skal dermed starte opp alt på måndag 11. mai.

Det kom også ny smittevernrettleiar for 1.-7.trinn i går. I denne blir tiltak vi alt har sett i verk vidareført: 

Sjuke personar skal ikkje vere på skulen. Dei som er sjuke må halde seg heime 24 timar etter at dei er symptomfrie. Når elevar blir sjuke på skulen, må dei hentast så raskt som mogleg. ·        

God hygiene. Vi skal vaske/sprite hendene når vi kjem inn på skulen, etter friminutt, før mat, etter toalettbesøk m.m.  I tillegg reinhald av kontaktflater og styrka reinhald etter skuletid.      

Halde avstand. Elevane blir organisert i faste grupper, dvs i klassane. Vi kjem også til å regulere uteområdet slik at småskuletrinnet og elevane i storskulen ikkje er på same området samstundes.