Meny
Velg seksjon Framside
Fogn 4164 Fogn
Telefon: 51 71 46 80 Send e-post til oss
Redaktør: Hilde Folkvord Juul
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Oppdaterte råd angående tolkning av retningslinjene ved sykdom i barnehage og barneskole/SFO, 29.06.20

Grunna endringar i smittevernrettleiarane for barnehage og barneskole/SFO, er tidlegare skriv med råd knytt til tolking av retningslinene ved sjukdom i barnehage og barneskole nå utdaterte.  

 

Følgande retningsliner er nå gjeldande:  

Barnehagebarn, elevar og tilsette må ikkje lenger vere heime til dei har hatt ein symptomfri dag etter luftvegsinfeksjon. Det held at allmenntilstanden er god hos barn og elevar og at tilsette ikkje lenger har symptom.

Nokre barn, særleg dei under 10 år, kan ha restsymptom etter ein luftvegsinfeksjon som t.d. rennande nase (uavhengig av farge på nesesekretet) eller sporadisk hoste. Desse barna kan komme i barnehagen eller på skolen dersom allmenntilstanden er god og barnet er tilbake i sin vanlege form.

Alle med nye symptom på luftvegsinfeksjon skal sendast heim og haldast heime til tilstanden er avklart. Barn og tilsette skal, sjølv med milde luftvegssymptom og sjukdomskjensle, ikkje møte i barnehagen eller på skolen. Tilsette skal halde seg heime til dei er symptomfrie, medan barn skal haldast heime til allmenntilstanden er god.    

Det er tilstrekkeleg at føresett(e) vurderer at barnet er tilbake i god allmenntilstand.  Legeerklæring er ikke naudsynt sjølv om barnet har restsymptom etter luftvegsinfeksjon, t.d. rennande nase (uavhengig av farge på naetsesekret) eller sporadisk hoste.