Meny
Velg seksjon Framside
Fogn 4164 Fogn
Telefon: 51 71 46 80 Send e-post til oss
Redaktør: Hilde Folkvord Juul
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Sommarferien er snart over.

Første skuledag etter sommarferien er måndag 17. august kl. 08:15.

Vi startar opp felles ute (viss fint ver) og alle elevane har 6 timar denne dagen. 

 

I år har vi 4 elevar som skal begynne i 1. klasse. Vi er også glade for 3 nye elevar som skal gå i 1. 3. og 5. klasse. Desse er særskilt velkomne.

Tilsaman er vi 26 elevar på skulen dette året med 9 elevar i 1.-2.klasse, 6 elevar i 3.-4.klasse og 11 elevar i 5.-7.klasse.

Hjerteleg velkomne på skulen alle saman!

 

Når det gjeld Korona-situasjonen jobbar me ut frå at vi framleis er på gult nivå (sjå under). Det betyr at vi held fram med tiltak på same måte som før sommarferien. 

Her kan du lese meir om trafikklysmodellen med tilhøyrande tiltak: 

For å avgrense smitte har vi sett i verk ei rekke tiltak på skulen og i barnehagen. Smittevernrutinane er knytt til ein trafikklys-modell med grønt, gult og rødt nivå som viser kva tiltak som gjeld på dei ulike nivåa. Det er smittesituasjonen i Noreg og i kommunen som avgjer kva nivå vi er på. 

Det er trygt å gå på skulen

Vi skal framleis sørgje for at elevane har eit trygt og godt skulemiljø. Alle som jobbar på skulen skal følgje med på at elevane har det bra. I perioden framover vil vi verre ekstra nøye med å sikre godt smittevern. Vi er særskilt optekne av: 

  • Ingen skal møte på skulen eller i SFO dersom dei er sjuke
  • Vask hendene før og når de kjem på skulen
  • Vi gjennomfører god handhygiene og godt reinhald på skulen

 

Korleis vil skulekvardagen vere? 

Grønt nivå: Skolekvardagen vil vere som normalt, men elevar og lærarar må unngå handhelsing og klemming.

Gult nivå: Heile skuleklassar er samla og alle elevane får eit fulltidstilbod og vanlege skuledagar. Elevar og lærarar må unngå handhelsing, klemming og store samlingar. 

Rødt nivå: Elevane blir delt inn i mindre grupper. Det kan også bli nødvendig å avgrense kor mange elevar som kan komme på skulen. Vi kan også be elevane møte opp til ulike tider. Vi må halde god avstand og vere mykje ute også i skuletimane. 

 

Skuleskyssen

Gult nivå: Elevar som tar skulebussen som vanleg, men må halde god avstand til kvarandre. Det er ikkje krav om å halde avstand på ein meter til andre elevar, sjølv om dette gjeld for andre reisande. 

Rødt nivå: Elevane ka ta skulebussen som vanleg, men må halde god avstand til kvarandre. Annan transport til skulen bør vurderast.