Meny
Velg seksjon Framside
Fogn 4164 Fogn
Telefon: 51 71 46 80 Send e-post til oss
Redaktør: Hilde Folkvord Juul
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Temadag om 2. verdskrig

Torsdag 17. september hadde elevane i 5.-7.klasse på oppvekstsentera temadag om 2. verdskrig. Arrangementet var i regi Ryfylke Livsgnist i Tyskerhålene på Vignes. Målet var at elevane skulle bli betre kjent med krigshistoria. 

I dag har elevane snakka om kva dei lærte av å vere med på denne dagen. Her er noko av det som kom fram i evalueringa.

Elevane lærte at  krigen starta 01.09.1939 og at den kom til Noreg 9. april 1940. Krigen varte frå 1939 – 1945. I Rogaland blei Sola tatt av tyskarane kl. 08:00 9.april. Dei veit at nazistane var Italia, Japan og Tyskland og at dei allierte var USA, Sovjetunionen, Storbritannia og Frankrike. I Noreg var Vidkun Quisling ein sentral mann. Han var på tyskarane si side og svikta Noreg fordi han meinte at England ikkje var på lag med Noreg.

Det var tyskarar på Vignes på Finnøy. Der var det 4 kanonstillingar og mange tunnellar.

Under krigen døydde 72 000 000 menneske, av desse 6 000 000 jødar.

Elevane måtte ha grensebevis for å komme inn og dei måtte seie kodeordet "Panter" for å få lov til å passere eller komme inn.

Det kjekkaste var skodespela. Dei blei kjent med soldaten Ove, H Geiger som var den tyske sjefen på Vignes og Berta som var gravid og måtte reise til Amerika. Det var også gøy å få sjå hovudkvarteret der tyskarane hadde kontroll på alle kanonstillingane. 

Det som gjorde sterkast inntrykk hos elevane, var at så mange menneske blei drepne under krigen. Særleg inntrykk gjorde  historia om alle jødane som blei sendt til Birkenau og drept i gasskammer. Dei fekk også sjå ein film om korleis det var på Vignes i krigsåra. Denne filmen gjorde stort inntrykk.  

Alle elevane opplevde at dette var ein kjekk dag med mange opplevelsar og Inntrykk. Dei meiner dette var ein god måte å lære på, med både humor, seriøsitet og mykje, mykje meir. 

Heilt til slutt hadde elevane ein quiz med premie. Premien var eit gåvekort på Ryans Pizza. Denne vann Jonatan!

Main Image

Bilete 1 av 24