Elevane får seie si meining
Elevane på Fogn oppvekstsenter er nå igang med å førebu seg til tysdag i neste veke. Då kjem byråkratane og vil høyre kva elevane meiner om nærmiljøet og fritidstilbodet her på Fogn.
Publisert: 24.09.2020 15:12 Sist endra: 24.09.2020 15:13 Forfattar: Hilde Folkvord Juul
Dette er særleg knytt til dei grøne områda, kva elevane liker å gjere ute i naturen og kva dei saknar av aktivitetar. Og elevane har mange gode forslag, m.a. sykkel-løype og trampoline.
Det blir folkemøte på oppvekstsenteret same dag kl. 14:00 - 15:30 der alle er invitert til å delta og komme med innspel til arbeidet med grøn plan i kommunen. Du kan også reise til Judaberg og delta på tilsvarande møte kl. 17:00 - 18:30.
På grunn av smittevern, krevst det ei påmelding på https://www.stavanger.kommune.no/gronplan
Kom og engasjer deg du også!