Meny
Velg seksjon Framside
Fogn 4164 Fogn
Telefon: 51 71 46 80 Send e-post til oss
Redaktør: Hilde Folkvord Juul
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Demokrati og medborgarskap

I vekene fram mot Stortingsvalet, har vi jobba med demokrati og medborgarskap. Dette er eit av tre tverrfaglege tema som er sentralt i Fagfornyinga. 

Elevane fekk ein introduksjon til korleis styresettet er i Noreg og ein innføring i korleis valet vert gjennomført. Elevane fekk og ein kort informasjon om dei åtte største partia i Noreg og fekk så velje kva foir eit parti dei ville jobbe grundigare med. På bakgrunn av dette vart elevane sett saman i grupper på tvers av klassane. 

Vi fekk og besøk av ein lokal politikar. Håvard Østhus svara på spørsmål som elevane stilte. Han fortalde litt om korleis det er å vere politikar, kva for arbeidsoppgåver ein har, artige episodar frå politikken og om sitt politiske førebilete, for å nemne noko av det han fortalde.

Etter at elevane hadde jobba seg gjennom ulike spørsmål og oppgåver, laga gruppene kvar sin plakat som vert hengd opp i vestibylen. Det ferdige produktet vart så presentert for resten av skulen. 

Main Image
Bilete 1 av 19