Meny
Velg seksjon Forside
Fogn 4164 Fogn
Telefon: 51 71 46 80 Send oss e-post
Redaktør: Hilde Folkvord Juul
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Knallkjekk fagdag om middelalderen!

Fagdagen starta med ei felles samling i gymsalen, der elevane fekk ein kjapp introduksjon til kva middelalderen var, og nokre typiske ting frå middelalderen. Deretter vart dei delte inn i grupper, som skulle arbeide med ymse oppgåver som skulle presenterast i fellesskap seinare denne dagen.

1.-2. klasse laga sine eigne våpenskjold, i tillegg til at dei teikna kvar si teikning som dei tok bilete av, og synte på projektoren under fellessamlinga mot slutten av dagen. Mange av dei yngste elevane tok også ordet i mikrofonen og fortalte kva dei hadde teikna!

3. klasse jobba med formingsaktivitetar knytta til middelalderen. Dei laga mellom anna kvar si skål av leire, i tillegg til at dei presenterte ulike materialer som var vanlege å nytta i middelalderen. Kvar elev fortalte minst ein ting om eit slikt materiale under fellessamlinga.

4. klasse hadde fått i oppgåve å lage mat til heile gjengen, og dei løyste oppgåva på ein glimrande måte! Elevane laga "middelalderhorn" av mjøl, skinke og ost, alle ingredienser dei hadde i middelalderen. Før maten vart servert fortalte elevane litt om matvanar i middelalderen. Deretter fekk vi hogga inn, og alle fekk spise så mange horn dei ville!

5.-6. klasse laga nokre flotte presentasjonar frå middelalderen! Ole Mathias og Kristian hadde laga ei digital tidslinje over det som skjedde i denne tidsepoken, og så kom dei andre elevane inn og fortalte meir detaljert om dei hendingane Ole Mathias og Kristian var innom. 

7. klasse fekk i oppgåve å laga film, og løyste oppgåva ved å produsere programmet "Middelaldernytt", med ulike innslag. Her fekk vi mellom anna lære at gravhaugane på Stavnes er eit eksempel på gjenbruk i middelalderen, fordi gravene eigentleg kan vere så mykje som nesten 4000 år gamle...

Vanlegvis er det jo lærarane som gir tilbakemeldingar på elevne sitt arbeid, men denne dagen var det annleis. Vi fekk nemleg storfint besøk av sjølvaste Ogmund Finnson (Tor Øyvind Skeiseid), Magnus Beintson (Tolli Frestad) og Dronning Margrete (Silje F Vignes)! Desse var med og gav kommentarar til elevane etter vel gjennomførte prosjekt. I tillegg gjekk gjestene rundt på gruppene medan arbeida vart gjort ferdige, og dei avslutta dagen med å spele ein del av skodespelet om Ogmund Finnson, som i desse dagar vert vist i Hesby Kyrkje på Finnøy.

Elevane imponerte med god innsats, godt humør og flotte resultater denne dagen, og det var tydeleg at dette var noko dei likte å arbeide med! Ein stor takk til gjestene frå Ryfylke Livsgnist er også på sin plass, velkomen attende ved nye høve!

Under er ein serie med bilete frå dagen. Elles kan de sjå filmen som 7. klassingane laga ved å klikka HER

Main Image
Bilde 1 av 34