Tysdag 19. november reiste elevråd, tillitsvald og rektor på Fogn oppvekstsenter på fagsamling i Stavanger Forum. Temaet var fagfornyinga.
Arbeidet med implementering av dei nye fagplanane er alt igang, og då er det viktig at elevane er involvert i prosessen.
Det var 880 personar tilstades frå skulesektoren m.a. PPT, representantar frå UDIR og elevråd. Ein kjendis gjorde at dagen blei ei oppleving verdt å hugse! I periodar litt kjedeleg, meinte elevrådsrepresentantane, men det var også noko som var kjekt. Særleg innlegget til Jo Røislien (matematiker og programleiar i NRK) som heitte "Fra flate fakta til levande læring". Jo Røislien var kjekk og klarte å engasjere heile publikum. Alt i alt ein flott dag med faglig påfyll og pizza for god innsats! Den smakte ekstra godt på båtturen heim.