Meny
Velg seksjon 5.-6. klasse
Fogn 4164 Fogn
Telefon: 51 71 46 80 Send oss e-post
Redaktør: Hilde Folkvord Juul
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
I dag har heile oppvekstsenteret gått i 17.mai-tog tur-retur "Pakkå". Det var eit flott og kjært syn med glade barnehage- og skuleborn med faner og flagg. 

Skulebussen vil køyre til vanlege tider nå når alle elevane er tilbake på skulen iløpet av neste veke. Vi minner om at skulebussen primært er for elevar med rett til gratis skuleskyss etter opplæringslova. Kolumbus skriv at elevar utan rett til gratis skyss ikkje vil ha høve til å ta skulebussen til og frå skulen pga smitteverntiltak. 

 I særlege tilfelle kan ein likevel ta direkte kontak med Arve Rørheim for avtale. 


Som de ser i informasjonen frå Stavanger kommune, blir det ein gradvis oppstart for elevane på 5.-7.trinn neste veke.

På Fogn oppvekstsenter har vi bestemt at 7.klasse skal starte opp onsdag 13. mai. Dette er ei stor elevgruppe. Sjølv om elevtalet er innafor tal på elevar pr. gruppe, vil storleiken på klasserommet gi oss utfordringar og vi må gjere nokre endringar i forhold til avstand mellom pultane og bruk av andre rom. 7.klasse vil derfor få heimeundervisning på måndag og tysdag neste veke.

5.-6.klasse er ei lita gruppe og vi treng ikkje tid til å organisere tilbodet i forhold til klasserommet og timeplan. 5.-6. klasse skal dermed starte opp alt på måndag 11. mai.

Det kom også ny smittevernrettleiar for 1.-7.trinn i går. I denne blir tiltak vi alt har sett i verk vidareført: 


Så er vi endeleg i gang med skule for elevane i 1.-4.klasse. Alle er på plass, klassen er delt i to grupper og vi vasker/spriter hendene regelmessig.  

Det nærmar seg mai som har mange fridagar for elevane.

I skuleruta som blei vedtatt i SU, skal elevane ha fri 18. mai som avspasering for sommarfesten. Pr i dag er vi usikre på kva arrangement vi får lov til ha denne våren. Både div. klassetreff for 7.klasse-elevane og sommaravslutninga for alle heimane i barnehagen og skulen, er døme på arrangement som vi kanskje ikkje kan gjennomføre. Her må vi vente å sjå kva kommunen vedtek og om det blir mogleg å finne variantar som kan la seg gjennomføre hos oss. Det er derfor ikkje logisk å avspasere for sommerfesten den 18. mai. I tillegg blir 17.mai-arrangementet dette året annleis og kommiteen har ikkje same behov for tid til å rydde etter feiringa.   

I samarbeid med FAU har vi derfor bestemt at 18. mai blir ein vanleg skuledag for elevane.

 

Her er ein oversikt over fridagane fram til sommarferien:

Torsdag 30.04.20  Elevfri, avspasering for solidaritetsaksjonen i oktober                

Fredag 01.05.20   Offentleg fridag/arbeidernes dag                

Torsdag 21.05.20  Kr. Himmelfartsdag                

Fredag 22.05.20    Fridag                

Mandag 01.06.20   2. pinsedag   

Siste skuledag før sommarferien er 19. juni. 

Barnehagen er stengt i juli månad.


Mange kan oppleve at det er skummelt å komme til lege eller på sjukehus i desse dagar. Nå som skular og barnehagar er opne, kan det bli aktuelt å teste fleire barn for koronaviruset.  

Helsepersonell ser svært annleis ut enn vi er vane med. Lege og sjukepleiar dekkjer seg til med briller, munnbind, hette over håret og har på seg gule frakkar. Dette kan vere skummelt for både barn og vaksne.

Ei dårleg oppleving i helsevesenet kan setje varige spor og føre til problem ved seinare besøk i helsetenesta. Vi veit av erfaring at dersom barnet er godt førebudd på det som skal skje, blir det lettare både for barnet, foreldra og for helsevesenet.  

Helsesjefen og samfunnsmedisinsk stab meiner derfor det er viktig at barna får god informasjon. Derfor må vi snakke om dette både heime, på skulen og i barnehagen.

NRK Super har laga ein fin video i serien Bamselegen, som heiter Virus spesial der ein viser smittevernutstyr og prøvetaking. Vi oppmodar foreldra til å sjå denne i lag med barna sine.   https://nrksuper.no/serie/bamselegen/DMPP21005620