Meny
Velg seksjon Framside
Espedalsvegen 156 4110 Forsand Vis på kart
Telefon: 51700201 Send e-post til oss
Redaktør: Sjur Atle Kleppa
Gå til Google Classroom
Fellestur for småskulen

Tysdag 28. august var 1.- 4. klasse på tur over Åsen og til Fossanhagen.
I læreplanen for kroppsøving står det mellom anna at elevane skal vera med i aktivitetar i varierte miljø der sansar, motorikk og koordinasjon blir utfordra. Difor gjekk me over Åsen på veg til Fossanhagen. Elevane var flinke til å gå, så me kom fram til Fossanhagen akkurat når me hadde tenkt. Der stod grillen varm og klar, og det blei ein god matpause. Etterpå blei det leik og fisking, og faktisk var det nokon som kunne koma heim med ein liten fiskemiddag! Elles blei det krabbefangst, vassing og leik i sanden.
Main Image

Bilete 1 av 25