Meny
Velg seksjon Framside
Espedalsvegen 156 4110 Forsand Vis på kart
Telefon: 51700201 Send e-post til oss
Redaktør: Sjur Atle Kleppa
Gå til Google Classroom
D = 500

Elevane i 3. klasse er glade i å finne ting som kan markerast, og for ei stund sidan rekna vi oss fram til at 25. februar ville bli skuledag nummer 500 - så då passa det jo greitt å gjere noko litt ekstra ut av dagen.

Vi brukte delar av dagen til å male bilete med silhuettar av fuglar, og vi synest sjølv at resultatet blei ganske bra.
For dei som vil sjå bileta "live", så heng dei på veggen mellom klasserommet vårt og mjølkeskåpet.

Det blei og eit kakestykke eller to til formiddagsmaten, og vi var ute ein time og spelte "Kubb".
For nokre av elevane var det første gongen dei fekk prøve det, mens andre var meir røynde.

No har vi berre ein kort skuledag i morgon, så er det vinterferie - og vi vil gjerne ønske alle saman ein god ferie!
Helsing oss i 3. klasse.

ko