Meny
Velg seksjon Framside
Espedalsvegen 156 4110 Forsand Vis på kart
Telefon: 51700201 Send e-post til oss
Redaktør: Sjur Atle Kleppa
Gå til Google Classroom
Robust

Forsand skule innfører Robust på 9. trinn 2021/2022

ROBUST er eit undervisningsopplegg kor målet er å auke trivsel og motivasjon blant elevar i ungdomsskulen, slik at dei vert meir robuste i møte med utfordringar på skulen og i livet elles. Målet er å styrke elevane sin sosiale og emosjonelle kompetanse.

Undervisningsopplegget er utvikla ved Læringsmiljøsenteret ved Universitet i Stavanger (UiS), og er ein del av forskingsprosjektet Resilient. ROBUST tek utgangspunkt i det tverrfaglege temaet «Folkehelse og livsmeistring» i læreplanen.  Dei fem hovudtema det vert undervist i er: Sosiale relasjonar, trening i merksamt nærvær, problemløysing, kjensler og lærande tankesett. Lærarar som deltek får kompetanse og verktøy som dei kan ta med seg inn i alle fag.

Vår skule har valt å delta i forskingsprosjektet Resilient og innføre ROBUST for elevar på 9.trinn skuleåret 2021/2022. Føresette på dette skuleårets 8.trinn vil difor våren 2021 få ein SMS frå UiS med spørsmål om samtykke til at deira barn deltar i prosjektet. Me ber føresette som ikkje får SMS frå UiS våren 2021 om å ta kontakt med skulen.

Meir informasjon finn du på ROBUST si heimeside: https://www.uis.no/nb/robust.

Sjå gjerne disse videoene for meir informasjon:

Resilient, forskningsprosjekt (2:33)

ROBUST, undervisningsopplegg (4:10)