Meny
Velg trinn eller SFO Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Samtykke til å ta jod-tablettar

Kommunen har fått mange spørsmål om jod-tablettar etter at krigen i Ukraina begynte. Direktoratet for strålevern og atomsikkerheit (DSA) seier det er lite sannsynleg at krigen i Ukraina vil gi behov for jod-tablettar. Uavhengig av situasjonen i Ukraina anbefaler DSA alle under 40 år å ha jod-tablettar lagra heime, og hovudgrunnen til det er at atomubåtar og atomisbrytarar seglar langs kysten av Noreg. 
Kommunen har jod i barnehagar, på skular og på Bryne helsestasjon til personar under 18 år, gravide og ammande. Helsedirektoratet har nettopp sendt brev til kommunane om at barnehagen/skulen vanlegvis må innhenta samtykke frå føresette dersom barn skal kunna ta jod mens dei er i barnehagen / på skulen. Me ber derfor føresette om å logga seg inn i Visma Flyt skule via skulen si heimeside og gi samtykke dersom de ønsker dette.
Jod-tablettar skal berre nyttast dersom nasjonale beredskapsmyndigheiter gir beskjed om det. 
Du kan lesa meir om bruk av jod-tablettar ved atomulukker på nettsidene til Direktoratet for stråling og atomsikkerhet (DSA)