Meny
Her finn du trinna Framside
Artikkel
Vedlegg til artikkel
Rutinar for elevar gult nivå
Besøksadresse: Gåsevikvegen 2 4355 Kvernaland Telefon: 51 77 65 00 Send e-post til oss
Postadresse: Postboks 38 4349 BRYNE
Redaktør: Karl Inge Aksnes- +47 928 41 927
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Innlogging heimeside
Logg inn
Tilgjengelegheitserklæring
Gult nivå frå torsdag 16.12.21

Me går over på gult nivå frå og med torsdag denne veka. Det er viktig at me held desse reglane så me slepp å vera i karantene i jula og klarer å bremsa smitten i samfunnet. 

Dette medfører mellom anna følgjande tiltak på skulen vår:

• Elevane vert delt inn i kohortar. Ein klasse vert vanlegvis rekna som ein kohort
• To kohortar kan samarbeida
• Elevane har faste plasser I klasserommet


Du finn meir informasjon om kva tiltak som gjeld på gult nivå i trafikklysmodellen her for ungdomsskulane.

I vedlegget til høgre vil de finna rutinar som gjeld for skulen når me er på gult nivå.


Me vil igjen minna om at det i situasjonen me er i, er viktige førebyggande tiltak:

1. At sjuke personar ikkje kjem på skulen
2. God hygiene. Hostehygiene for å avgrensa dråpesmitte og handhygiene for å hindra
kontaktsmitte.
3. Godt reinhald for å førebygga kontaktsmitte


For informasjon om kva ein skal gjera når symptom oppstår og ein lurer på kva reglar som gjeld for
karantene kan ein lesa om dette på kommunen si heimeside her
Dersom det vert auka smitte er det kommuneoverlegen som vurderer om enkelte skular, fleire eller alle
skulane skal over til andre nivå i trafikklysmodellen.

Meir informasjon finn de på Udir sine sider her.