Elevar og foreldre er velkommen til fest i gymsalen torsdag 2.november kl 18.00 - 19.00. VI GLEDER OSS!
DET BLIR OPEN SKULE FOR ALLE INTERESSERTE FRÅ KL 19.00 – 21.00 .
Då vil elevar og tilsette vise den fine skulen vår. Det blir utstilling av elevarbeid i fleire rom og ymse aktivitet både inne og ute. Vi vil vise litt skulehistorie for Grasdal skulekrins gjennom inventar, bilete og forteljing.
Det blir
programinnslag ved elevane, og talar og helsingar frå inviterte gjester. Vi
feirer nybygg og jubileum med kake og kaffi/saft. Vi pynter oss litt denne
kvelden.
Det er obligatorisk oppmøte for elevane frå 18.00 – 19.00. Dei får avspasere tida i vårsemesteret.
Det er dessverre ikkje plass til meir
enn 1 forelder pr. barn under programmet kl 18.00 – 19.00.