Meny
Velg trinn Framside
Klasse 1
Klasse 2
Klasse 3
Klasse 4
Klasse 5
Klasse 6
Klasse 7
Artikkel
Vedlegg til artikkel
Biblioteket - pressemelding
Ådlandsvegen 323 5919 Frekhaug
Telefon: 56 17 57 00 Faks: 56 17 57 01 Send e-post til oss
Redaktør: Irene Hystad Hugaas
Elektroniske søknader
Søknad vedr. SFO
Permisjonssøknad
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mars 2024><<
mars 2024
mtotfls
26272829010203
04050607080910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
01020304050607
BIBLIOTEKET

BIBLIOTEKET ER STENGT –VELKOMEN TIL DET OPNE BIBLIOTEKET!
Biblioteket er ein møteplass og skal drive med informasjon- og litteraturformidling. Så lenge dørene til Strilabiblioteket er stengde, set vi den digitale døra på vidt gap og inviterer både små og store til å stikke innom biblioteket på nettet!

Strilabiblioteket har kjøpt den digitale opplesinga av boka «Kaptein Skrekk og skatten på Kokosøya».

 På nettsida til Strilabiblioteket  kan du høyre heile den første boka om Nora og kaptein Skrekk. To kapitlar blir lagt ut kvar dag, og så ligg dei ute i ein månad. Det er forfattaren Ole André Sivertsen som les boka. Følg lenke under. 

Den passer best for dei minste i barneskulen.

«Kaptein Skrekk og skatten på Kokosøya»

For dei minste

Frå og med neste veke har barnebibliotekar Maja nett-treff for dei minste kl. 11.00 kvar dag med eventyrstunder og nettverkstader.
Thomas kjem óg innom ein av dagane. https://www.facebook.com/strilabiblioteket/

Prat med «bestefar» Halfdan

No kan barn og unge prate med «bestefar» Halfdan på Messenger.
Kvar dag mellom kl. 18 og kl. 19, frå 23. mars til 3. april, sit han klar til å slå av ein prat med dei som ønskjer det.
Halfdan er bibliotekar, så om han får spørsmål han ikkje kan svare på, vil han finne fram rette opplysningar og så kjem svaret seinare.
Halfdan er ein hyggeleg kar på 73 som det er lett å prate med om alt mogleg. Han har to barnebarn (11 og 15), og interesserer seg for natur, miljø og samfunn.
Som alle bibliotekarar er han ein lesehest. Han likar å sykle, og han har vore sportsfiskar heile livet.

Bli med å skrive alverboka i lag med alverforfattaren Asbjørn Rydland!

 Biblioteket inviterer barn og unge til å lage bok i lag med den prislønna forfattaren Asbjørn Rydland frå Seim.
Onsdag 25. mars legg Asbjørn ut første kapittel, og så inviterer vi dei unge til å levere bidrag til neste kapittel.

Fram til 3. april vekslar barn og unge i Alver og Asbjørn på å skrive fram forteljinga. Ein bibliotekar vel ut kva for bidrag som skal få vere med i boka.

Alle som leverer bidrag får diplom, og det bidraget som Asbjørn likar best får eit gåvekort som kan brukast i vår lokale bokhandel.

Asbjørn Rydland er frå Seim i Alver kommune.
Han vart tildelt både Nynorsk barnebokpris og Fabelprisen for serien om Drakeguten i 2012. Drakeguten vann NM i litteraturformidling.
I 2017 vart  Galderstjerna, første boka i Vegandi-serien, Årets ungdomsbok (U-prisen).
Og no kan alverbarna skrive bok ilag med Asbjørn!
Meir informasjon på biblioteket si heimeside: https://nordhordlandsbiblioteka.no/strilabiblioteket

Netturnering Minecraft:Byggjekonkurranse for barn og unge (7+)

Startar fredag 27. mars og held fram gjennom påska. Påmelding frå 23. mars. Tilbodet er sjølvsagt gratis.

Dele lesegleder

I Nasjonalbiblioteket sin base kan ein søkje opp og lese over 500.000 bøker på nettet.
Strilabiblioteket oppmodar alle i Alver til å dele gamle perler ved å søkje etter ei favorittbok i bokhylla.no og deretter dele lenka på Strilabiblioteket si Facebookside.

Påskequiz for vaksne

Bli med på Strilabiblioteket sin påskequiz! 10 krimspørsmål kvar dag frå laurdag 4. april til 2. påskedag. Du skal samla inn bokstavar som tilslutt skal bli til ei setning.
Tre vinnarar får fem flaxlodd kvar. 

Kontakt: Biblioteksjef Marit Gro Berge (94816111)