7.trinn skal ha leirskuleopphald på Dombås Fjellskole i februar/mars.
Opphaldet varer måndag-fredag og er ein del av den obligatoriske opplæringa til elevane.
Under opphaldet bur elevane på Trolltun Gjestegård på Dombås. Elevane får i leirskuleveka oppleve vinterfriluftsliv i høgfjellet på Dovre. Mellom anna får elevane opplæring i ulike skidisiplinar, dei lærer om natur og dyrelivet på Dovrefjell, vinterfriluftsliv og mykje meir. Sosial læring og meistring står også i sentrum under eit slikt opphald og mange elevar opplever at leirskuleveka er eit av høgdepunkta i barneskuletida. Skulen kallar inn til eige informasjonsmøte om leirskuleopphaldet.
Meir informasjon om Dombås fjellskole: Dombås fjellskole