Meny
Velg seksjon Framside
Vedlegg
Haddal 6064 Haddal
Telefon: 70017460
Redaktør: Vibeke Vigestad Berge
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Skulefritidsordninga (SFO)

SFO er eit fritidstilbod utanom den ordinære skuledagen.

Alle barneskulane i Ulstein har SFO, så sant der er minst 6 påmelde ved kvar skule ved skulestart. 

På SFO legg vi vekt på leik i eit trygt og skapande miljø.SFO er for barn frå 1. til 4. klasse. For elevar med særlege behov omfattar SFO også 5. til 7. klasse. Ved stor søking vert dei yngste elevane prioriterte, og det vert loddtrekning blant dei eldste elevane.

Det er SFO frå august til og med juni. Den daglege opningstida varierer mellom skulane innanfor tidsramma 7–17.

Prisen kjem an på om barnet ditt skal gå 5, 4, 3 eller 2 dagar på SFO per veke.I tillegg til månadsprisen, kjem matpengar. Det er 25 % søskenmoderasjon. Det betyr at om du allereie har eit barn i SFO, vil det neste barnet som får SFO-plass samtidig få 25 % avslag på prisen.

 

 

 

 

 

 

 

 

SFO held ope i haust- og vinterferiane og tre veker i sommarferien.

  • Ferietilbodet vert gitt ved Ulsteinvik barneskule og ved krinsskulane når det er 10 eller fleire påmelde.
  • Påmelde i SFO kan nytte ferietilbodet etter kor stor plass dei har elles i året (5, 4, 3 eller 2 dagar per veke).
  • Elevar som går ut av 1.–4. klasse, kan nytte ferietilbodet ut juni månad.
  • Ferietilbodet i august kan nyttast av påmelde i SFO som det komande skuleåret skal gå i 1.–4. klasse.
  • Barn med særlege behov kan nytte heile ferietilbodet.
  • Det er ikkje SFO i samband med skulefri ved jul, påske og andre høgtider eller ved studie- og planleggingsdagar

Du må søke om plass på SFO for barnet ditt for kvart skuleår. Klikk her for å kome til søknadskjemaet.

Når det gjeld ferie-SFO, lagar vi eigne påmeldingsskjema før dei enkelte feriane.