Ofte stilte spørsmål om nettbrett -
Ulstein kommune
Har eg erstatningsplikt ved øydelagd
nettbrett?
Ja, i
utgangspunktet er du erstatningspliktig for alt materiell du låner på skulen
utover normal bruksslitasje.
I kontrakten
som alle føresette må signere, står det at det er vanlege erstatningspliktige
reglar som gjeld. Her skal vi forklare litt kva dette gjeld:
Skulen i Noreg
har eit gratisprinsipp, alle elevar får låne det dei i utgangspunktet treng for
læringsarbeid ved den enkelte skule. Det vil seie at ein leverer tilbake ting
med vanleg bruksslitasje, for eksempel skulebøker. Vert desse øydelagde på
skulen eller heime, er ein erstatningspliktig for det (jfr. Erstatningslova
§1.1 og 1.2).
Der det er
eit hendeleg uhell som har ført til skade, må ein erstatte 25% av
innkjøpsverdi. Dette gjeld skulebøker, nettbrett og anna ein eventuelt låner.
Denne summen er langt under det erstatningslova legg til rette for. Vurdering
av situasjonen rundt skadehendinga vurderast individuelt.
Dersom ein
med viten og vilje øydelegg noko er ein 100% erstatningspliktig (opp til 5000
kr i kvart skadetilfelle som føresett. jfr. Erstatningslova § 1.2).
Erstatningsreglane
gjeld anten ein er på skulen, skulevegen eller heime.
Erfaringar
frå andre skular er et det er veldig lite øydeleggingar, og at elevane er
veldig flinke til å ta vare på det nettbrettet sitt.
Korleis oppbevarer ein nettbrettet i
skuletida?
Det vil vere
forskjellige løysingar på dette på dei enkelte skulane. Nettbrettet er sett opp
med personleg konto og er ikkje særleg attraktivt å stele sidan det er heilt
ubrukeleg for andre grunna passordtilgang. Nettbrettet kan også sporast dersom
det vert rapportert stole.
Det kan vere eit knuser skjermen,
ønsker skulen å fikse dette, eller er det noko ein må ordne sjølve?
Skulen vil
ta hand om dette. Ta kontakt med kontaktlærar dersom dette har skjedd.
Korleis får elevane brukarstøtte?
Det vert
kontaktlærar som formidlar dette vidare.
Vil elevane få tilstrekkelig
opplæring i appane, slik at det vil verte effektivt i undervisninga?
Ja, det er
målet. Vi har sett av tid og opplæring til alle lærarar slik at dei skal vere
godt budde til å planlegge og gjennomføre god digital undersvisning.
Kva type vern skal nettbrettet ha?
Nettbrettet
til elevane skal ha eit støytsikkert deksel. Dette vert levert med nettbrettet og
skal vere på til alle tider.
Kan elevane nytte eksternt tastatur?
Elevane får
ikkje tastatur frå skulen. Erfaringar frå andre skular viser at det fungerer
godt å bruke tastaturet på skjermen. Eleven kan nytte eksternt tastatur heime
dersom det er eit ønske.
Korleis tenkjer de å vidareutvikle
elevane si handskrift?
Nettbrettet
vil ikkje erstatte handskrift, elevane vil fortsatt arbeide med oppgåver som
krev at dei skriv for hand.
Kan ein laste ned appar på
nettbrettet sjølve?
Nei. Skulen
administrerer innhaldet på nettbrettet.
Korleis sjekkar/hindrar de nedlasting
av uønskt innhald?
Når eleven
er logga på skulen sitt nettverk, fungerer den vanlege brannmuren og
innhaldskontrollen. Brannmur og filter på dei ulike heimenettverka har skulen
ikkje kontroll over. Skulen har rett til å slette og reinstallere innhald på nettbretta.
Ulstein
kommune har høgt fokus på å gi elevane digital danning gjennom
haldningsskapande arbeid og opplæring i nettvett.
Korleis unngår ein for mykje
skjermtid?
På skulen
vil ein som før ha mange varierte arbeidsoppgåver. Borna vil ikkje statisk
verte sittande framfor ein skjerm. På heimebane er det viktig at ein lagar seg
reglar for kva tid nettbrettet kan nyttast utover skulearbeidet. Eksempel på
slike reglar kan vere at nettbrettet ikkje skal vere på rommet etter leggetid,
eller kanskje ikkje i det heile teke. Det er lurt at nettbrettet har ein fast
ladeplass, slik at ein slepp å leite etter den i ei travel morgonstund.
Diskuter gjerne med andre føresette!
Korleis vil skulen handtere brot på
reglane for bruk av nettbrett?
Dersom
skulen oppdagar eller får melding om brot på reglane, vil det få konsekvens for
eleven i samsvar med gjeldande regelverk som eleven har signert på.