Meny
Velg seksjon Framside
Haddal 6064 Haddal
Telefon: 70017460
Redaktør: Vibeke Vigestad Berge
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Haddal skule SFO

Haddal skule SFO

Haddal skule har SFO-tilbod for elevar på 1.-4. årssteg og for elevar med særskilte behov.

Det er omlag 15-20 påmelde elevar på SFO kvart år.

Opningstider Morgontilbod frå 07.30-08.10.

Morgontilbodet er ope for påmelde elevar og for dei elevane i 1.-4. klasse som kjem tidleg med skuleskyss.

Tilbod etter skulen frå kl. 11.50/12.50 avhengig av kva tid skulen sluttar på dei ulike dagane/årsstega.

SFO er ope til kl. 16.30.

SFO har ope i haustferien, vinterferien og i delar av sommarferien. SFO har stengt i 4 veker om sommaren. Ferietilbodet er ein del av det ordinære tilbodet, men ein gjennomfører kartlegging av kva born som kjem til å nytte tilbodet før kvar ferie.

SFO sender ut eige informasjonsskriv ved skulestart.

Oppseiingsfrist for vårhalvåret er 01.11.  

Telefonnummer SFO 40017779