Skulane i Ulstein er no godt i gang med arbeidet i satsinga Teknologiskulen Ulstein.
Elevar har fått betre tilgang til digitalt utstyr og lærarane har i samarbeid med Høgskulen i Volda gjennomført eit kompetanseløft i høve digital læring.
No ser vi gode resultat av arbeidet, elevar nyttar teknologi som verkty for auka læring.
Kvifor
valde vi å satse på teknologi i Ulsteinskulen?
Ulstein kommune er ei kommune
med stor innverknad frå industri, særleg maritim verksemd. Saman med
næringslivet såg vi at framtida i stor grad vert retta mot teknologiske
løysingar. Vi vil at våre elevar skal vere rusta på framtida og såg at det var
behov for eit løft i bruken av teknologi i skulen.
Målet med satsinga: «Vi ønskjer at grunnskulen i Ulstein
skal vere ein verkstad for utprøving og fornying gjennom bruk av ny teknologi
og varierte opplæringsformer.»
For Ulstein
kommune har det vore viktig å leggje vekt på at alle elevane skal få den same
gode opplæringa uavhengig kva skule dei går på. Teknologi skal vere eit av fleire
verkty for betre læring.
Plan for digital læring i Ulsteinskulen finn du her.