Meny
Velg seksjon Framside
Haddal 6064 Haddal
Telefon: 70017460
Redaktør: Vibeke Vigestad Berge
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt

Dette er ei oppfølging og ei presisering av kva det betyr for elevar og føresette at skulane er stengde. 

Borna i Ulstein vart sende heim før helga grunna helsemyndigheitene sine avgjersler. Alle i Noreg er oppmoda om å ha så lite omgang med kvarandre som mogleg. For elevane våre betyr det at kommunikasjon med lærarar og medelevar går digitalt. Lærarane samarbeider på digitale plattformer og vil gi elevane opplæring digitalt i perioden framover. Det vil verte delt ut planar med tidsrom for rettleiing. De vil verte orienterte frå skulen om korleis dette skal skje gjennom e-post og skulen sine heimesider. 

Lærarane skal ha dagleg kontakt med alle elevar. Vi ber føresette vere med og støtte elevane så godt dei kan i opplæringa i denne perioden. Ta kontakt med skulen dersom noko er uklart eller vanskeleg.

Det vil truleg kome behov i helse- og omsorgssektoren som gjer at tilsette i oppvekst kan verte omplasserte. Dermed kan situasjonen endre seg. 

Per 16. mars seier Helsedirektoratet at born og unge kan treffe maksimalt to vener fysisk. Det er likevel viktig at ein held kontakt med kvarandre og er sosial på andre måtar. Ein kan nytte iPad eller Chromebook til privat kommunikasjon. Vi oppmodar om å ha digital kontakt også med besteforeldre. Føresette må orientere seg på borna sine tilgangar, følgje med og hjelpe til. Samtalen med borna om situasjonen i landet er viktig. Ver tolmodige med kvarandre, bruk tid med borna dykkar.

Vi i Ulsteinskulen tek innover oss pålegga frå staten og er med på den landsomfattande dugnaden det er å dempe og etter kvart stoppe covid-19 i å spreie seg. For dei det er aktuelt for er det eigne retningslinjer for tilsyn av born. Kontakt rektor om dette er aktuelt for deg. 

Sjå sida med siste nytt i Ulstein og oppdatert informasjon til innbyggarane. www.ulstein.kommune.no



Med eit bilete av desse flotte jentene ønskjer vi alle ei retteleg GOD JUL!

Skulane i Ulstein er no godt i gang med arbeidet i satsinga Teknologiskulen Ulstein.

Elevar har fått betre tilgang til digitalt utstyr og lærarane har i samarbeid med Høgskulen i Volda gjennomført eit kompetanseløft i høve digital læring.

No ser vi gode resultat av arbeidet, elevar nyttar teknologi som verkty for auka læring.