Meny
Velg seksjon Framside
Hauso skule 5777 Grimo
Telefon: 53666213 Send e-post til oss
Redaktør: Hilde Norheim
Skuleruta for Ullensvang
Skulerute 2019/2020
For tilsette ved Hauso skule
Pålogging til heimesida
Visma
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2020><<
april 2020
mtotfls
30310102030405
06070809101112
13141516171819
20212223242526
27282930010203
04050607080910
Elevmiljø
Nullmobbing.no

Ullensvang kommune har opna kontakttelefon for barn og ungdom i Ullensvang kommune.

Kontakttelefonen er for barn og ungdom som er bekymra, lurer på noko, eller treng nokon å snakke med!

Det er ein ny kvardag for alle og det kan oppstå uro og bekymring.

Du treff ungdomskontakt i kommunen samt anna helsepersonell om du ringer kontakttelefonen. Me har teieplikt og du treng ikkje sei kven du er!

Ikkje ver redd for å ta kontakt, du er ikkje åleine.

Tlf: 916 97 013 

Opningstid:

Måndag, tysdag, onsdag og fredag: kl. 10.00 – 15.00

Måndag og fredag: kl. 17.00 – 22.00 

Påskeveka er det stengt frå onsdag 08.04.20 klokka 12.00.

 

Helsing

Andrea Djønne Ungdomskontakt/los

Ullensvang helsestasjon 

Tlf: +47 91 69 70 13


I desse spesielle korona-tider vil me ynskja alle ein RIKTIG GOD OG KJEKK PÅSKE! Og så gledar me oss til me kan møtast som vanleg att :)

 

 


Litt informasjon frå oss her på skulen i dag: 

Skulebygget: 

Frå og med i dag arbeider lærarane heimefrå. Dette etter pålegg frå Ullensvang kommune slik at ein ikkje er unødig i kontakt med andre. Rektor er stort sett på bygget i arbeidstida dersom det er behov for å hente noko. Ring gjerne eller send mail/sms på førehand slik at de veit om det er folk her. 

Undervisning: 

Skulen vil tilby undervisning/heimearbeid som elevane skal arbeide med heime. 

Det er kontaktlærar/faglærar som har ansvar for dialog med klassen angåande dette.

Kjernetida til lærarane vil inntil vidare vera i tidsrommet  09.00-13.00. Dei skal då vera tilgjengelege for elevane på ulike digitale platformer. 

Kontaktlærar har ansvar for å gjera tilgjengeleg plan for kvar veke.

Ta kontakt med kontaktlærer dersom det er noko de opplever som uklårt i høve dette. 

Kontakt med skulen: 

Kommunikasjon går føre seg digitalt; epost, sms, telefon, google classroom, google hangout etc. Epost til dei tilsette finn de på heimesida til skulen. 

Omsorgstilbod for born av foreldre med samfunnskritiske funksjonar: 

Dei borna som går inn i denne kategorien og som har rett på eit slikt tilbod vil få dette på SFO-avdelinga. Lista over kva funksjonar dette gjeld er delt på heimesida tidlegare.  Turid/June er dei som har opplegget. 

 

Ta kontakt om de har spørsmål eller anna.

God helg til kvar og ein og ta godt vare på kvarandre i denne tida!  


Hauso skule vert stengt frå og med fredag 13. mars 2020.

Viser til Ullensvang kommune si heimeside for meir informasjon.

Me kjem fortløpande ut med informasjon om undervisning osv i stengeperioden.  

Utviklingssamtalar utgår, og me kjem attende til gjennomføring av desse. 

Barneskulane skal syte for eit tilbod til born av foreldre  som arbeider i helse- og omsorgstenesta, transportsektoren eller innan andre kritiske samfunnsfunksjonar.

Dette gjelder fylgjande grupper:

Styring og kriseleiing

Forsvar

Lov og orden

Helse og omsorg

Redningsteneste

IKT-sikkerhet i sivil sektor

Natur og miljø

Forsyningssikkerhet

Vatn og avløp

Finansielle tjenester

Kraftforsyning

Elektroniske kommunikasjonstenester

Transport

Satellittbaserte tjenester

Apotek

Dersom nokon har behov for eit slikt tilbod, eller har andre spørsmål ta kontakt med rektor på telefon 90078277. 

 

Med venleg helsing 

Ingvild Hauso 

Rektor 

Hauso skule