Meny
Velg seksjon Framside
Hauso skule 5777 Grimo
Telefon: 53666213 Send e-post til oss
Redaktør: Hilde Norheim
Dagar att til nye 1. klasse og nye 8. klasse kjem!
19.08.2019 kl 08:20
00
dagar
:
00
timar
:
00
min
:
00
sec
Velkomne til Hauso skule! :)
Skuleruta for Ullensvang
Skuleruta for 2018/2019
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<juni 2019><<
juni 2019
mtotfls
27282930310102
03040506070809
10111213141516
17181920212223
24252627282930
01020304050607
Elevmiljø
Nullmobbing.no
Informasjon om skulen

Hauso skule er ein kombinert barne – og ungdomsskule med 89 elevar skuleåret 2018/19. Me er stolte over elevane våre. Ungdomane er gode førebilete for dei yngste. Skulen har ein vakker utsikt mot fjorden og fjella. Det er kort veg til gode uteområde i skogen.

Det er 15 lærarar tilsett på skulen, fleire av dei går i deltidsstillingar. I tillegg til rektor og inspektør, er det no 3 assistentar, to reinhaldarar og vaktmeistar. Skulen har også kontormedarbeidar i 50 % stilling. Hauso skule har godt utdanna lærarar. Difor nyttar me også faglærarar på alle trinn så langt me får det til.

Skulen har SFO (skulefritidsordning) fem dagar i veka. Det er populært å gå der! Og kvar tysdag har dei bading i det fine bassenget på skulen. Skulen tilbyr leksehjelp til alle elevar frå 3. klasse. I år gir me elevane på ungdomssteget leksehjelp 25 minutt av «midttimen» fire dagar i veka.

Alle elevar i norsk skule har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Den enkelte elev skal ha eit miljø der dei ikkje vert utsette for krenkjande ord eller handlingar. Hauso skule jobbar aktivt med verdiarbeid og ulike trivselstiltak for å fremja eit trygt og godt elevmiljø. Me jobbar for at skulen sine verdiar skal visa att i skulekvardagen. Her er verdiane våre:  

Hauso skule                    

  • viser engasjement       
  • har struktur       
  • fremjar samarbeid       
  • har eit positivt menneskesyn    

 

Ingvild Hauso, rektor.